- Dagens bloggar: Vigdis
Vigdis ankom Årdalstangen ca kl 1530 etter å ha stått på stand heime i
Jølster. Etter litt vurdering reiste ho og Kjartan Almenning, som er innom
heimfylket for å hjelpe til i innspurten av valkampen, til Øvre Årdal for å
prøve å spre den glade bodskapen om Venstre. Ein bodskap som ikkje akkurat
Årdal er kjent for å ha oppfatta. Der er det stort sett AP det går i.
Etter litt mat på lokal Mix-kiosk, der Vigdis vart oppringt av Norsk
Gallup, og fekk oppfylt ein gamal draum om å få delta i ei meiningsmåling,
stilte vi oss opp framfor den lokale Rimi-butikken i noko som skulle vise
seg å vere akkurat passe tid, siste knappe timen før ølsalget stenger på
laurdag ….

Vigdis og skiltet. Fotograf: Kjartan Almenning
Ganske mange tok i mot drops og brosjyrer og stemninga var god, spesielt
sidan Vigdis omtrent hadde rekna med at Årdølene ville trykke
Gunvald-brosjyrer ned i halsen på oss. Ein innfødd AP-mann var ivrig etter
å prate, og vi trur han var litt imponert over at vi våga oss inn på
“fiendtleg” territorium. Han kunne avsløre at i Øvre Årdal var stemmetalla
ved sist stortingsval 92 % AP, og sidan Årdal i total hadde 77 % AP, må
stemmetala til AP frå Årdalstangen vere ganske mykje lægre. Det kom av at
det var der ingeniørane og slikt budde. Det betyr vel at eit arbeid for å
klare å stille Venstreliste i Årdal bør starte på Tangen…
Når ølsalget var over vart det brått færre handlande, så vi pakka saman og
reiste til Lærdal for å ta igjen M/S Valfisk. På båten hadde gutta boys
fått besøk at ein annan AP-mann, tidl. fylkesordførar Knut O. Aarethun. Han
hadde tydelegvis tenkt over diverse konstellasjonar, og det var andre enn
dagens regjeringssamarbeid han kunne tenke seg…
Etter middag som var Kåre Jarl sin Bacalao, var Vigdis og Kjartan innom
Lindstrøm Hotell for å låne eit nettverk, deretter var det som vanleg 20
spørsmål før leggetid. Dagen etter var det søndagsfrukost med egg og bacon,
før vi sette kursen mot det vi trudde skulle vere Borgund, men som viste
seg å vere Borlaug. Der skulle vere ein arrangement vi kunne oppsøkje for å
snakke med folk og dele ut materiell. Det synte seg å vere eit arr. på
Borlo Bygdetun i regi av Kulturminneåret, med innlagt gudsteneste og
barnedåp. Det føltest ikkje rett å utnytte det, så vi valde å reise tilbake
til Lærdalsøyri, men vi hengde opp ein del Gunvald-plakatar på vegen.
Vigdis og Kjartan tok farvel med mannskapet og sette kursen mot Fodnes, der
vi delte ut drops og brosjyrer i ferjekøa, og det var like vellukka som i
Lavik. Kanskje noko å bruke siste søndagen til; stands på alle ferjekaiene?
Etter å ha køyrt gjennom den usannsynleg dyre, men snart nedbetalte, bommen
i Fjærland, sette Vigdis Kjartan av på Skei, der han skulle ta bussen til
Gloppen, medan Vigdis tok kursen heim.
Gutta boys har nok ankomme Aurland, der Torbjørn skal mønstre på i morgon.
Fakta Årdal kommune:
- Innbyggjarnamn: Årdøl
- Tal innbyggjarar: 5 637
- Ordførar: Arild Ingar Lægreid (Ap)
- Bygd på: Aluminium
- Kjendisar: Karl Seglem, Tommy Øren, Erling Lægreid og Per Hillestad
- Venstreresultat -05: 1, 7 %
Fakta Lærdal kommune:
- Innbyggjarnamn: Lærdøl
- Tal innbyggjarar: 2193
- Ordførar: Arne Sanden (Ap)
- Kjend for: Laks, Lærdalstunnelen
- Kjendisar: Hm. Det må då vera nokon?
- Venstreresultat -05: 3, 5 %
Hva er galt med å dele ut V-brosjyrer i et kirkelig arrangement? Vi har da begge et positivt budskap vi vil målbære…;-)