Fredag var det Luster sin tur til å få besøk av M/S Valfisk. Eg (Janne) pingla ut og sov heime hjå mor og far. Linda kom køyrande rett frå frisørtime i Førde, og plukka meg opp i Sogndal. Etter litt feilkøyring (hverken eg eller Linda kan skryta på oss å ha innebygd GPS), kom vi oss endeleg fram til Paxar NTP, eller Avery Dennison NTP som dei no er kjend som. Dei produserer eigenutvikla transfermerker på deira fabrikk i Gaupne [Gåpn]. No lurer du kanskje på kva eit transfermerke er, men det er altså merker som ein festar på kleda med ei eiga varmemaskin. Slik som du sikkert gjorde med strykejern på russedressen. Omtrent slik, berre litt meir avansert. Dei lagar merka etter bestilling frå kunder.
Eg har no mønstra av M/S Valfisk, og lot difor kameraet liggja igjen på båten. Det var ikkje særleg stategisk, i og med at eg ikkje får tak i bileta eg tok i Luster. Jaja. Eg lånte eitt frå heimesida deira:

Ok, eg kunne vel kanskje funne eit anna merke og reklamere for. Vi er i mot oljeboring i Lofoten/ Vesterålen, og ikkje er vi særlig glade i seismikk heller. Berre for å ha sagt det.
Etter bedriftsbesøket var det tid for stand. Vi stod på Pyramiden senter, og det var no ein del folk som tusla forbi. Diverre har eg ikkje bileter frå dette heller. Men: Jon Ove Lomheim, lokallagsleiar i Luster, er broren til Sylfest Lomheim. Eg sleng difor med eit bilete av han:

Sylfest med litt kortare hår = Jon Ove. Sånn nesten, i alle fall...
Dersom de tenker dykk ein litt slankare Sylfest med litt kortare hår, så veit de omtrent korleis Jon Ove ser ut. Og så tenker de at Jon Ove, Linda og eg står inne på eit handlesenter. Då har de eit flott imaginært bilete…
P.S: Desse bileta er lagt ut fullstendig utan tillating frå dei involverte parter.
Fakta om Luster:
- Innbyggjarnamn: Lustring
- Tal innbyggjarar: 4897
- Ordførar: Torodd Urnes (Krf)
- Kjent for: Jostedalsbreen, Breheimen, Hurrungane, Urnes Stavkyrkje.
- Kjendisar: Sylfest Lomheim, Tom? Send gjerne inn tips om fleire.
- Venstreresultat 2005: 3, 9 %