Endeleg var det tid for ein tur innom regionssenteret Sogndal, heimbygda til Gjest Baardsen og Tone Damli Aaberge. Den første mest kjend for å stela stort sett alt det han kunne kome over, den andre for det å stela merksemd nesten uansett kvar ho måtte befinne seg. Bygda er nok i tillegg kjent for saft, noko som har samanheng med at Lerum ligg her. Det er visstnok ein eller annan samferdsleminister eller noko slikt som og er herifrå, men dette er lite relevant i denne samanhengen.
Venstre- guru Bjørg Rimeslåtten møtte opp på kaien, og ikkje lenge etter var vi på veg, i hennar sølvgrå glis av ein bil.

Vitjing på Rutlin.
Første stopp på turen var psykiatrisenteret på Rutlin. Her fekk vi høve til å høyre litt om utfordringane dei har, i tillegg til at vi fekk omvisning. Eit utruleg interessant møte.

Bjørg, Gunvald, Terje Bjelle, rektor Åse Løkland og Agnes Landstad, direktør for Vestlandsforsking.
Etter ein tidkrevjande ryggeprosess ragga vi vidare til neste besøk. Sogndal er nok også for mange kjend for å vera ein studiestad. Det var difor ikkje tilfeldig at vi valde å leggje turen innom Høgskulen i Sogn og Fjordane. Her vi møtt av ein svært hyggjeleg rektor, Åse Løkeland. Ho kunne fortelje om oppturen dei fekk tidlegare i år, då søkartala auka med 35%. I tillegg fekk dei 105 nye plassar. Ei stor utfordring for dei framover er dette med den todelte lærarutdanninga, og korleis dette eventuelt slå ut for Hisf.

Ei svært fotogen Agnes, men det ser litt verre ut med Gunvald.
I tillegg fekk vi høve til å møte Agnes Landstad som er direktør for Vestlandsforsking. Ho fortalde om deira utfordringar som 90% oppdragsfinansiert. Ein må med andre ord ha mage til ein slik jobb. I tillegg var ho skuffa over forskingsmeldinga. Eg klandrar ho ikkje. Det som no er viktigast for dei, er å få opp basisfinansieringa. Hadde eg hatt pengar, skulle dei jammen ha fått dei. Dei driv med utruleg mykje bra forsking innanfor miljø og klima. Særleg det med berekraftig reiseliv verka svært interessant.

Bjørg og Gunvald på kafé Pepper
Heilt til slutt la vi turen innom Fjøra. Her møtte vi tre svært driftige damer som har starta kafé/galleri. Kafé Pepper, heitte den. Flotte lokaler og flott lokalisering. Eg må seie at sentrum i Sogndal vorte veldig flott etter kvart. Berre synd dei er plaga med hærverk på leikeapparata utanfor. Dustete fulle studentar/ elevar som øydeleggjer for ungane. Damene ville gjerne ha kameraovervaking. Kremt. Då såg vi oss nøydde til å protestere litt. Men trist er det at folk øydelegg på den måten.

Kunst, kaffi og kaker. Kan det bli betre?
Uansett, det var ein utruleg triveleg og lærerik dag i Sogndal, og eg overlevde blituren med Bjørg. Ikkje verst.
Fakta om Sogndal:
- Innbyggjarnamn: Sogndøl
- Tal innbyggjarar: 6966
- Ordførar: Jarle Aarvoll (Ap)
- Venstreresultat 2005.: 4, 6 %
- Kjendisar: Gjest Baardsen (notorisk tjuv), Olav Stedje (smørsangar?), Svein Bakke (kom ikkje han opprinneleg frå…Askvoll?), Ingvar Stadheim, Rolf Navars…Nei, det får no vera grenser, wikipedia. Kjendisar!? Tommy Skjerven (fussballdommar), Eirik Bakke, Ingrid Narum (ski), Eva Weel Skram, Tone D. Også var det ho dar sp- dama.

Til sals på kafé Pepper

Mykje fint!