- Dagens bloggar: Janne
Endeleg var det tid for å syne fram Leikanger, staden der eg vaks opp. Fantastiske Leikanger, som eg nyttar kvar anledning eg har til å skryte av. Jepp, eg er patriot, men ikkje berre Leikanger- patriot. Eg likar no stor sett like godt heile fylket, frå yttarst i Askvoll til innerst i Årdal. Det er utruleg alt Sogn og Fjordane har å by på.

Leikanger i skumringen.
Leikanger er stort sett kjent for å vera ei byråkrat- bygd. Og det stemmer nok det. I Leikanger jobbar utruleg mange innanfor det offentlege, det vera seg Fylkesmannen, Nav, Fylkeskommunen osv. Det er ikkje utan grunn at Leikanger toppar statistikken når det gjeld andel personar over 18 år med høgare utdanning. Enkelte (Alfred) er irritert over at Leikanger tiltrekker seg alle desse offentlege arbeidsplassane. Men: I eit så lite fylke som Sogn og Fjordane er, må vi faktisk satse på å få konsentrert ein del oppgåver på same plass. Det må vi berre, for å kunne bli konkurransedyktige. Samtidig er det viktig å påpeike at det ikkje berre er folk frå Leikanger som jobbar på Leikanger, her er det utruleg mange som pendlar frå omliggjande kommunar. Så var det sagt.

Gunvald testar ut Difi sine moglegheiter for å kunne få hjelp via nettprat med ein tilsett. Lokallagsleiar i Leikanger, Astri Taklo, føl interessert med.
Vi la i alle høve turen innom DIFI, som er eit nytt og spennande direktorat som er oppretta, med kontor i Oslo og på Leikanger. DIFI står for Direktorat for forvaltning og IKT, og litt av det dei arbeider med er medverke til samordna og kostnadseffektiv IKT- bruk i offentleg sektor. I tillegg forsøker dei å gjere informasjon og tenester frå det offentlege som ligg på nettet lettare tilgjengeleg både for innbyggjarane og forvaltninga. Eg trur ikkje eg skal seie så mykje meir enn det. Dei har 55 personar tilsett, dei fleste med erfaring innanfor IT, men og i frå forvaltninga og andre områder. Det var veldig kjekt å få forklart kva dei dreiv med, og få omvisning på dei ulike avdelingane. Ein spanande arbeidsplass med ei god blanding av erfaring (gamle) og nytenking (unge).

Nydeleg lunsj med nokon av dei tilsette på Difi.

Ein kan berre misunne dei kontoromgjevnadane...
Etterpå var det tid for stand ved Saften. Vi spurte ikkje om lov til å stå der, men vart no ikkje jaga vekk. Det er uansett ofte lettare å be om tilgjeving enn tillating. Det vart ein kort stand, for Gunvald måtte suse avgarde til Askvoll på paneldebatt. Eh har kost meg ”heime” i dag. Sjekk den utsikta frå huset til fam. Sørum:

Dette saknar ein når ein bur i blokk i byen...
Fakta om Leikanger:
- Innbyggjarnamn: Systrending
- Tal innbyggjarar: 2163
- Ordførar: Olav Lunden (Ap)
- Venstreresultat 2005: 7, 3 %
- Kjendisar: Eli Kari Gjengedal (værdame), Eli Strand (tidl. Tv2), Henning Rivedal (vår hyggjelege nabo, eigentleg frå Askvoll), Odd Njøs (humorist), no kjem eg ikkje på fleire.