- Dagens bloggar: Janne
- Dagens Frp- tabbe: Parkerte monsterlastebilen sin over minst tre plassar reservert for funksjonshemma i Førde.

På veg innover til Balestrand
Vi bevegar oss stadig lengre inn over fjorden, og i dag var dagen komen til Balestrand. Som det står på Wikipedia: ”I Balestrand er det ein kino, Friberg kino, Her finnes det en moderne kunstgressbane med flomlys. Sognefjord Akvarium viser livet i Sognefjorden.” Men Balestrand har så mykje meir å tilby enn dette.
Gunvald var tidleg oppe, og fekk med seg eit besøk på bedrifta Fleksibo, før han møtte meg. Fleksibo lagar bustadar tilpassa folk med ulike funksjonshemmingar. Eg venta tolmodig på Dragsvik i noko som etter kvart vart ein time. Eg skal innrømme at eg kjeda meg litt.

Sigurd Kvikne fortel om utfordringane med cruisetrafikken, som ingen set fokus på.
Heldigvis tok dagen seg fort oppatt. Vi tok ein svipptur innom Kviknes hotell, der vi fekk lunsj, og i tillegg høve til å slå av ein prat med Sigurd Kvikne. Han kom med masse gode synspunkt angåande cruisetrafikken på Vestlandet, og eg kjem i alle høve til å ta med meg det vidare. Etter eit fantastisk måltid, reiste vi vidare til Nessane, og det yrande næringslivet som eksisterer der.

Besøk hjå Nesseplast.
Vi besøkte både Nesseplast A/S, Kleive Mek. og industriservice og Nessemaskin. Veldig artig å sjå kva ein kan få til på ein forholdsvis liten plass. I tillegg var vi innom Sæle Sag. Etter ein brann for nokre år sidan, stod dei med to alternativ, heve forsikring og legge ned, eller setje seg i gjeld og prøve på nytt. Resultatet vart eit splitter nytt og moderne anlegg. Det var med andre ord ein fullpakka dag.

Marta imponerer med kunstneriske bileter.

Kort besøk hjå Nessemaskin
Etterpå var det stand i Balestrand sentrum. Vetle Sarah var med, litt utolmodig, men det gjekk no greitt til slutt. Ho fekk i sin første tur med M/S Valfisk frå Balestrand til Leikanger. Som den uansvarlege mora eg er, legg eg her ut bilete av henne:

Sarah

Masse folk kom innom standen i Balestrand for å slå av ein prat.
Fakta om Balestrand:
- Innbyggjarnamn: Balestrending
- Tal innbyggjarar: 1361
- Ordførar: Einar Målsnes (H)
- Kjendisar: Kong Bele
- Kjent for: Balholm, Balejazz, Kviknes Hotell.
- Venstreresultat 2005: 10, 0 % (!)
Etterpå var det tid for å reise heim til Fylkesadministrasjonssenteret/ Systrond/ Leikanger/ Hermansverk. Kjært barn har mange namn. Det er godt å endeleg vera heime.
Litt fleire bileter frå dagen:

Sarah fotograferer Balestrand- gjengen.

Besøk hjå Sæle Sag.

Folksomt på båten
Så stor hun har blitt! Husker da du hadde henne med i vogn på fylkesstyremøte i HUV…;-D
Hehe. Jepp. Ho var ikkje store jenta då! Vekse vel til dine og?
Jepp, hun eldste er 7 og liker valgkampdrops (synes V og H sine er temmelig like). Han yngste på 2 får ikke noen enda.