
Høyanger.
Ein kan vel knapt kalle Høyanger ein Venstre- bastion. I Høyanger stemmer ein stort sett Arbeidarpartiet. I alle fall gjorde 45, 9 % det i 2005. Vi ville no likevel prøve lykka. Høyanger burde vel vera velkjent for dei fleste, etter at ei av dei største bedriftene der, Fundo måtte legge ned. No ventar vi i spaning på å sjå kva som skjer med hybridfelgen deira. I tillegg bør ein følgje med gründerane i bedrifta Tracksa. Desse kan kome til å gjere det svært godt framover.

Linda hadde køyrt ein ærend frå Askvoll for å få med seg dette, og var svært gira.
Overraskande nok var det faktisk ein god del interesserte som stoppa opp for å slå av ein prat. I tillegg var det mange som gjerne ville ha brosjyrer, og drops, sjølvsagt. Ei lita jente som kom forbi forsynte seg grovt. Men for all del: I Venstre er vi ikkje gnitne på dropsa.
Det er diverre ikkje noko lokallag i Høyanger, men vi har Lidvar. Hvis vi er heldige, gjorde vi eit så godt inntrykk på folk i dag at det kanskje snart blir oppretta eit lokallag.
Ei vi møtte på sa det stod mellom Venstre og Sp. Så valet hennar vert jo svært enkelt.

Det ser litt slunkent ut akkurat på dette biletet, men vi var til tider svært godt besøkt.
Eg var no eigentleg svært overraska over at vi ikkje vart kjeppjaga, og at folk stoppa og verka oppriktig interesserte, var svært oppløftande.
Satsar på brakval i Høyanger i år!

Eg trur kanskje dette er Høyanger sentrum, men eg er litt usikker.

Ein fin foss på veg frå Høyanger til Balestrand.

Det er no fint i Sogn og.
Fakta om Høyanger:
- Tal innbyggjarar: 4292
- Innbyggjarnamn: Høyangring
- Ordførar: Kjartan Longva (Ap)
- Gira på kommunesamanslåing: Neppe
- Bygd opp på: Aluminiumsindustri
- Venstreresultat 2005: 3, 0 %
- Kjendisar: Einar Førde (Treng neppe meir introduksjon), Marit Tusvik (forfattar), Jørn Melnes (biletkunstnar), Erna Osland (anar ikkje), Tell Teigen (akrobat), Ole Christian Norevik (programleiar), Erlend Nybø (gitarist).