Kjelder:
Innlegg
kommentarar

Etter å ha vore innom Aurland, Vik og Gulen, er vi no ved vegs ende. Vi klarte målet vi hadde sett oss: Å besøke alle kommunane i Sogn og Fjordane på ein månad. Det er godt å vera ferdig, samtidig som det er litt vemodig. Det har vore ein utruleg kjekk tur, og eg har i alle fall lært svært mykje om fylket vårt. Det er noko heilt anna å reise rundt å sjå korleis ting verkeleg er, enn å høyre eller lese om det. Eg har ikkje tal på kor mange bedrifter vi var innom samla sett.

Vi har treft utruleg masse kjekke folk, og ein stor takk til lokallaga som verkeleg stilte opp. Utan dykk hadde turen aldri vorte like vellukka. Vi kjem nok til å halde fram med å skrive litt meir på bloggen her, for som de ser manglar det referat frå Aurland, Vik og Gulen. Så de får kikke innom innimellom! Kanskje kjem vi til å skrive nokon ord om ting som foregår desse siste dagane som står att.

Tusen takk til alle som var med på å gjere denne turen så vellukka som han vart. Det har vore ei fantastisk oppleving!

På vegne av valkampsekretærane,

Janne Sørum

  • Dagens bloggar: Vigdis

Vigdis ankom Årdalstangen ca kl 1530 etter å ha stått på stand heime i
Jølster. Etter litt vurdering reiste ho og Kjartan Almenning, som er innom
heimfylket for å hjelpe til i innspurten av valkampen, til Øvre Årdal for å
prøve å spre den glade bodskapen om Venstre. Ein bodskap som ikkje akkurat
Årdal er kjent for å ha oppfatta. Der er det stort sett AP det går i.
Etter litt mat på lokal Mix-kiosk, der Vigdis vart oppringt av Norsk
Gallup, og fekk oppfylt ein gamal draum om å få delta i ei meiningsmåling,
stilte vi oss opp framfor den lokale Rimi-butikken i noko som skulle vise
seg å vere akkurat passe tid, siste knappe timen før ølsalget stenger på
laurdag ….

 

Vigdis og skiltet. Fotograf: Kjartan Almenning

Vigdis og skiltet. Fotograf: Kjartan Almenning

Ganske mange tok i mot drops og brosjyrer og stemninga var god, spesielt
sidan Vigdis omtrent hadde rekna med at Årdølene ville trykke
Gunvald-brosjyrer ned i halsen på oss. Ein innfødd AP-mann var ivrig etter
å prate, og vi trur han var litt imponert over at vi våga oss inn på
“fiendtleg” territorium. Han kunne avsløre at i Øvre Årdal var stemmetalla
ved sist stortingsval 92 % AP, og sidan Årdal i total hadde 77 % AP, må
stemmetala til AP frå Årdalstangen vere ganske mykje lægre. Det kom av at
det var der ingeniørane og slikt budde. Det betyr vel at eit arbeid for å
klare å stille Venstreliste i Årdal bør starte på Tangen…

Når ølsalget var over vart det brått færre handlande, så vi pakka saman og
reiste til Lærdal for å ta igjen M/S Valfisk. På båten hadde gutta boys
fått besøk at ein annan AP-mann, tidl. fylkesordførar Knut O. Aarethun. Han
hadde tydelegvis tenkt over diverse konstellasjonar, og det var andre enn
dagens regjeringssamarbeid han kunne tenke seg…

Etter middag som var Kåre Jarl sin Bacalao, var Vigdis og Kjartan innom
Lindstrøm Hotell for å låne eit nettverk, deretter var det som vanleg 20
spørsmål før leggetid. Dagen etter var det søndagsfrukost med egg og bacon,
før vi sette kursen mot det vi trudde skulle vere Borgund, men som viste
seg å vere Borlaug. Der skulle vere ein arrangement vi kunne oppsøkje for å
snakke med folk og dele ut materiell. Det synte seg å vere eit arr. på
Borlo Bygdetun i regi av Kulturminneåret, med innlagt gudsteneste og
barnedåp. Det føltest ikkje rett å utnytte det, så vi valde å reise tilbake
til Lærdalsøyri, men vi hengde opp ein del Gunvald-plakatar på vegen.

Vigdis og Kjartan tok farvel med mannskapet og sette kursen mot Fodnes, der
vi delte ut drops og brosjyrer i ferjekøa, og det var like vellukka som i
Lavik. Kanskje noko å bruke siste søndagen til; stands på alle ferjekaiene?

Etter å ha køyrt gjennom den usannsynleg dyre, men snart nedbetalte, bommen
i Fjærland, sette Vigdis Kjartan av på Skei, der han skulle ta bussen til
Gloppen, medan Vigdis tok kursen heim.

Gutta boys har nok ankomme Aurland, der Torbjørn skal mønstre på i morgon.

Fakta Årdal kommune:

  • Innbyggjarnamn: Årdøl
  • Tal innbyggjarar: 5 637
  • Ordførar: Arild Ingar Lægreid (Ap)
  • Bygd på: Aluminium
  • Kjendisar: Karl Seglem, Tommy Øren, Erling Lægreid og Per Hillestad
  • Venstreresultat -05: 1, 7 %

 

Fakta Lærdal kommune:

  • Innbyggjarnamn: Lærdøl
  • Tal innbyggjarar: 2193
  • Ordførar: Arne Sanden (Ap)
  • Kjend for: Laks, Lærdalstunnelen
  • Kjendisar: Hm. Det må då vera nokon?
  • Venstreresultat -05: 3, 5 %

Fredag var det Luster sin tur til å få besøk av M/S Valfisk. Eg (Janne) pingla ut og sov heime hjå mor og far. Linda kom køyrande rett frå frisørtime i Førde, og plukka meg opp i Sogndal. Etter litt feilkøyring (hverken eg eller Linda kan skryta på oss å ha innebygd GPS), kom vi oss endeleg fram til Paxar NTP, eller Avery Dennison NTP som dei no er kjend som. Dei produserer eigenutvikla transfermerker på deira fabrikk i Gaupne [Gåpn].  No lurer du kanskje på kva eit transfermerke er, men det er altså merker som ein festar på kleda med ei eiga varmemaskin. Slik som du sikkert gjorde med strykejern på russedressen. Omtrent slik, berre litt meir avansert. Dei lagar merka etter bestilling frå kunder.

Eg har no mønstra av M/S Valfisk, og lot difor kameraet liggja igjen på båten. Det var ikkje særleg stategisk, i og med at eg ikkje får tak i bileta eg tok i Luster. Jaja. Eg lånte eitt frå heimesida deira:

Ok, eg kunne vel kanskje funne eit anna merke og reklamere for.

Ok, eg kunne vel kanskje funne eit anna merke og reklamere for. Vi er i mot oljeboring i Lofoten/ Vesterålen, og ikkje er vi særlig glade i seismikk heller. Berre for å ha sagt det.

 

Etter bedriftsbesøket var det tid for stand. Vi stod på Pyramiden senter, og det var no ein del folk som tusla forbi. Diverre har eg ikkje bileter frå dette heller. Men: Jon Ove Lomheim, lokallagsleiar i Luster, er broren til Sylfest Lomheim. Eg sleng difor med eit bilete av han:

Sylfest med litt kortare hår = Jon Ove. Sånn nesten, i alle fall...

Sylfest med litt kortare hår = Jon Ove. Sånn nesten, i alle fall...

Dersom de tenker dykk ein litt slankare Sylfest med litt kortare hår, så veit de omtrent korleis Jon Ove ser ut. Og så tenker de at Jon Ove, Linda og eg står inne på eit handlesenter. Då har de eit flott imaginært bilete…

P.S: Desse bileta er lagt ut fullstendig utan tillating frå dei involverte parter.

Fakta om Luster:

  • Innbyggjarnamn: Lustring
  • Tal innbyggjarar: 4897
  • Ordførar: Torodd Urnes (Krf)
  • Kjent for: Jostedalsbreen, Breheimen, Hurrungane, Urnes Stavkyrkje.
  • Kjendisar: Sylfest Lomheim, Tom? Send gjerne inn tips om fleire.
  • Venstreresultat 2005: 3, 9 %

Endeleg var det tid for ein tur innom regionssenteret Sogndal, heimbygda til Gjest Baardsen og Tone Damli Aaberge. Den første mest kjend for å stela stort sett alt det han kunne kome over, den andre for det å stela merksemd nesten uansett kvar ho måtte befinne seg. Bygda er nok i tillegg kjent for saft, noko som har samanheng med at Lerum ligg her. Det er visstnok ein eller annan samferdsleminister eller noko slikt som og er herifrå, men dette er lite relevant i denne samanhengen.

Venstre- guru Bjørg Rimeslåtten møtte opp på kaien, og ikkje lenge etter var vi på veg, i hennar sølvgrå glis av ein bil.

Vitjing på Rutlin.

Vitjing på Rutlin.

Første stopp på turen var psykiatrisenteret på Rutlin. Her fekk vi høve til å høyre litt om utfordringane dei har, i tillegg til at vi fekk omvisning. Eit utruleg interessant møte.

Bjørg, Gunvald, Terje Bjelle, rektor Åse Løkland og Agnes Landstad, direktør for Vestlandsforsking.

Bjørg, Gunvald, Terje Bjelle, rektor Åse Løkland og Agnes Landstad, direktør for Vestlandsforsking.

 

Etter ein tidkrevjande ryggeprosess ragga vi vidare til neste besøk. Sogndal er nok også for mange kjend for å vera ein studiestad. Det var difor ikkje tilfeldig at vi valde å leggje turen innom Høgskulen i Sogn og Fjordane. Her vi møtt av ein svært hyggjeleg rektor, Åse Løkeland. Ho kunne fortelje om oppturen dei fekk tidlegare i år, då søkartala auka med 35%. I tillegg fekk dei 105 nye plassar. Ei stor utfordring for dei framover er dette med den todelte lærarutdanninga, og korleis dette eventuelt slå ut for Hisf.

 

 

Ei svært fotogen Agnes, men det ser litt verre ut med Gunvald.

Ei svært fotogen Agnes, men det ser litt verre ut med Gunvald.

 

I tillegg fekk vi høve til å møte Agnes Landstad som er direktør for Vestlandsforsking. Ho fortalde om deira utfordringar som 90% oppdragsfinansiert. Ein må med andre ord ha mage til ein slik jobb. I tillegg var ho skuffa over forskingsmeldinga. Eg klandrar ho ikkje. Det som no er viktigast for dei, er å få opp basisfinansieringa. Hadde eg hatt pengar, skulle dei jammen ha fått dei. Dei driv med utruleg mykje bra forsking innanfor miljø og klima. Særleg det med berekraftig reiseliv verka svært interessant.

 

 

Bjørg og Gunvald på kafé Pepper

Bjørg og Gunvald på kafé Pepper

 

Heilt til slutt la vi turen innom Fjøra. Her møtte vi tre svært driftige damer som har starta kafé/galleri. Kafé Pepper, heitte den. Flotte lokaler og flott lokalisering. Eg må seie at sentrum i Sogndal vorte veldig flott etter kvart. Berre synd dei er plaga med hærverk på leikeapparata utanfor. Dustete fulle studentar/ elevar som øydeleggjer for ungane. Damene ville gjerne ha kameraovervaking. Kremt. Då såg vi oss nøydde til å protestere litt. Men trist er det at folk øydelegg på den måten.

Kunst, kaffi og kaker. Kan det bli betre?

Kunst, kaffi og kaker. Kan det bli betre?

Uansett, det var ein utruleg triveleg og lærerik dag i Sogndal, og eg overlevde blituren med Bjørg. Ikkje verst.

Fakta om Sogndal:

  • Innbyggjarnamn: Sogndøl
  • Tal innbyggjarar: 6966
  • Ordførar: Jarle Aarvoll (Ap)
  • Venstreresultat 2005.: 4, 6 %
  • Kjendisar: Gjest Baardsen (notorisk tjuv), Olav Stedje (smørsangar?), Svein Bakke (kom ikkje han opprinneleg frå…Askvoll?), Ingvar Stadheim, Rolf Navars…Nei, det får no vera grenser, wikipedia. Kjendisar!? Tommy Skjerven (fussballdommar), Eirik Bakke, Ingrid Narum (ski), Eva Weel Skram, Tone D. Også var det ho dar sp- dama.
Til sals på kafé Pepper

Til sals på kafé Pepper

 

 

 

 

 

 

 

 

Mykje fint! :)

Mykje fint! :)

  • Dagens bloggar: Janne

Endeleg var det tid for å syne fram Leikanger, staden der eg vaks opp. Fantastiske Leikanger, som eg nyttar kvar anledning eg har til å skryte av. Jepp, eg er patriot, men ikkje berre Leikanger- patriot. Eg likar no stor sett like godt heile fylket, frå yttarst i Askvoll til innerst i Årdal. Det er utruleg alt Sogn og Fjordane har å by på.

Leikanger i skumringen.

Leikanger i skumringen.

Leikanger er stort sett kjent for å vera ei byråkrat- bygd. Og det stemmer nok det. I Leikanger jobbar utruleg mange innanfor det offentlege, det vera seg Fylkesmannen, Nav, Fylkeskommunen osv. Det er ikkje utan grunn at Leikanger toppar statistikken når det gjeld andel personar over 18 år med høgare utdanning. Enkelte (Alfred) er irritert over at Leikanger tiltrekker seg alle desse offentlege arbeidsplassane. Men: I eit så lite fylke som Sogn og Fjordane er, må vi faktisk satse på å få konsentrert ein del oppgåver på same plass. Det må vi berre, for å kunne bli konkurransedyktige. Samtidig er det viktig å påpeike at det ikkje berre er folk frå Leikanger som jobbar på Leikanger, her er det utruleg mange som pendlar frå omliggjande kommunar. Så var det sagt.

Gunvald testar ut Difi sine moglegheiter for å kunne få hjelp via nettprat med ein tilsett.

Gunvald testar ut Difi sine moglegheiter for å kunne få hjelp via nettprat med ein tilsett. Lokallagsleiar i Leikanger, Astri Taklo, føl interessert med.

 

Vi la i alle høve turen innom DIFI, som er eit nytt og spennande direktorat som er oppretta, med kontor i Oslo og på Leikanger. DIFI står for Direktorat for forvaltning og IKT, og litt av det dei arbeider med er medverke til samordna og kostnadseffektiv IKT- bruk i offentleg sektor. I tillegg forsøker dei å gjere informasjon og tenester  frå det offentlege som ligg på nettet lettare tilgjengeleg både for innbyggjarane og forvaltninga. Eg trur ikkje eg skal seie så mykje meir enn det. Dei har 55 personar tilsett, dei fleste med erfaring innanfor IT, men og i frå forvaltninga og andre områder.  Det var veldig kjekt å få forklart kva dei dreiv med, og få omvisning på dei ulike avdelingane. Ein spanande arbeidsplass med ei god blanding av erfaring (gamle) og nytenking (unge).

 

Nydeleg lunsj med nokon av dei tilsette på Difi.

Nydeleg lunsj med nokon av dei tilsette på Difi.

Ein kan berre misunne dei utsikta frå kontoret.

Ein kan berre misunne dei kontoromgjevnadane...

Etterpå var det tid for stand ved Saften. Vi spurte ikkje om lov til å stå der, men vart no ikkje jaga vekk. Det er uansett ofte lettare å be om tilgjeving enn tillating. Det vart ein kort stand, for Gunvald måtte suse avgarde til Askvoll på paneldebatt. Eh har kost meg ”heime” i dag. Sjekk den utsikta frå huset til fam. Sørum:

Dette saknar ein når ein bur i blokk i byen...

Dette saknar ein når ein bur i blokk i byen...

Fakta om Leikanger:

  • Innbyggjarnamn: Systrending
  • Tal innbyggjarar: 2163
  • Ordførar: Olav Lunden (Ap)
  • Venstreresultat 2005: 7, 3 %
  • Kjendisar: Eli Kari Gjengedal (værdame), Eli Strand (tidl. Tv2), Henning Rivedal (vår hyggjelege nabo, eigentleg frå Askvoll), Odd Njøs (humorist), no kjem eg ikkje på fleire.

 

  • Dagens bloggar: Janne
  • Dagens Frp- tabbe: Parkerte monsterlastebilen sin over minst tre plassar reservert for funksjonshemma i Førde.
På veg innover til Balestrand

På veg innover til Balestrand

 

Vi bevegar oss stadig lengre inn over fjorden, og i dag var dagen komen til Balestrand. Som det står på Wikipedia: ”I Balestrand er det ein kino, Friberg kino, Her finnes det en moderne kunstgressbane med flomlys. Sognefjord Akvarium viser livet i Sognefjorden.” Men Balestrand har så mykje meir å tilby enn dette.

Gunvald var tidleg oppe, og fekk med seg eit besøk på bedrifta Fleksibo, før han møtte meg. Fleksibo lagar bustadar tilpassa folk med ulike funksjonshemmingar. Eg venta tolmodig på Dragsvik i noko som etter kvart vart ein time.  Eg skal innrømme at eg kjeda meg litt.

Sigurd Kvikne fortel om utfordringane med cruisetrafikken, som ingen set fokus på.

Sigurd Kvikne fortel om utfordringane med cruisetrafikken, som ingen set fokus på.

 

Heldigvis tok dagen seg fort oppatt. Vi tok ein svipptur innom Kviknes hotell, der vi fekk lunsj, og i tillegg høve til å slå av ein prat med Sigurd Kvikne. Han kom med masse gode synspunkt angåande cruisetrafikken på Vestlandet, og eg kjem i alle høve til å ta med meg det vidare. Etter eit fantastisk måltid, reiste vi vidare til Nessane, og det yrande næringslivet som eksisterer der.

 

 

Besøk hjå Nesseplast.

Besøk hjå Nesseplast.

 

 

Vi besøkte både Nesseplast A/S, Kleive Mek. og industriservice og Nessemaskin. Veldig artig å sjå kva ein kan få til på ein forholdsvis liten plass. I tillegg var vi innom Sæle Sag. Etter ein brann for nokre år sidan, stod dei med to alternativ, heve forsikring og legge ned, eller setje seg i gjeld og prøve på nytt. Resultatet vart eit splitter nytt og moderne anlegg. Det var med andre ord ein fullpakka dag.

 

 

 

 

 

Nesse plast

Marta imponerer med kunstneriske bileter.

Kort besøk hjå Nessemaskin

Kort besøk hjå Nessemaskin

Etterpå var det stand i Balestrand sentrum. Vetle Sarah var med, litt utolmodig, men det gjekk no greitt til slutt. Ho fekk i sin første tur med M/S Valfisk frå Balestrand til Leikanger. Som den uansvarlege mora eg er, legg eg her ut bilete av henne:

Sarah

Sarah

Masse folk kom innom standen i Balestrand for å slå av ein prat.

Masse folk kom innom standen i Balestrand for å slå av ein prat.

Det var til tider svært folksomt på stand. Det er ikkje tvil om at Balestrand Venstre har god kontroll føre valet, og er godt rusta for valkampen. Etter nokre timar med stand reiste Gunvald også innom “Det Gyldne Hus” ved Bjørg Frøisok Bjøberg og Arthur Adamson. I tillegg vitja han og Sygna vgs. Mange bedriftsbesøk denne dagen!

Fakta om Balestrand:

  • Innbyggjarnamn: Balestrending
  • Tal innbyggjarar: 1361
  • Ordførar: Einar Målsnes (H)
  • Kjendisar: Kong Bele
  • Kjent for: Balholm, Balejazz, Kviknes Hotell.
  • Venstreresultat 2005: 10, 0 % (!)

Etterpå var det tid for å reise heim til Fylkesadministrasjonssenteret/ Systrond/ Leikanger/ Hermansverk. Kjært barn har mange namn. Det er godt å endeleg vera heime.

Litt fleire bileter frå dagen:

Sarah fotograferer Balestrand- gjengen.

Sarah fotograferer Balestrand- gjengen.

Besøk hjå Sæle Sag.

Besøk hjå Sæle Sag.

Folksomt på båten

Folksomt på båten

Høyanger.

Høyanger.

Ein kan vel knapt kalle Høyanger ein Venstre- bastion. I Høyanger stemmer ein stort sett Arbeidarpartiet. I alle fall gjorde 45, 9 % det i 2005. Vi ville no likevel prøve lykka. Høyanger burde vel vera velkjent for dei fleste, etter at ei av dei største bedriftene der, Fundo måtte legge ned. No ventar vi i spaning på å sjå kva som skjer med hybridfelgen deira. I tillegg bør ein følgje med gründerane i bedrifta Tracksa. Desse kan kome til å gjere det svært godt framover.

Linda hadde køyrt ein ærend frå Askvoll for å få med seg dette, og var svært gira.

Linda hadde køyrt ein ærend frå Askvoll for å få med seg dette, og var svært gira.

 

Overraskande nok var det faktisk ein god del interesserte som stoppa opp for å slå av ein prat. I tillegg var det mange som gjerne ville ha brosjyrer, og drops, sjølvsagt. Ei lita jente som kom forbi forsynte seg grovt. Men for all del: I Venstre er vi ikkje gnitne på dropsa.

Det er diverre ikkje noko lokallag i Høyanger, men vi har Lidvar. Hvis vi er heldige, gjorde vi eit så godt inntrykk på folk i dag at det kanskje snart blir oppretta eit lokallag.

Ei vi møtte på sa det stod mellom Venstre og Sp. Så valet hennar vert jo svært enkelt.

 

Det ser litt slunkent ut akkurat på dette biletet, men vi var til tider svært godt besøkt.

Det ser litt slunkent ut akkurat på dette biletet, men vi var til tider svært godt besøkt.

 

Eg var no eigentleg svært overraska over at vi ikkje vart kjeppjaga, og at folk stoppa og verka oppriktig interesserte, var svært oppløftande.

Satsar på brakval i Høyanger i år!

 

 

 

 

Eg trur kanskje dette er Høyanger sentrum, men eg er litt usikker.

Eg trur kanskje dette er Høyanger sentrum, men eg er litt usikker.

 

Ein fin foss på veg frå Høyanger til Balestrand.

Ein fin foss på veg frå Høyanger til Balestrand.

 

Det er no fint i Sogn og.

Det er no fint i Sogn og.

 

Fakta om Høyanger:

  • Tal innbyggjarar: 4292
  • Innbyggjarnamn: Høyangring
  • Ordførar: Kjartan Longva (Ap)
  • Gira på kommunesamanslåing: Neppe
  • Bygd opp på: Aluminiumsindustri
  • Venstreresultat 2005: 3, 0 %
  • Kjendisar: Einar Førde (Treng neppe meir introduksjon), Marit Tusvik (forfattar), Jørn Melnes (biletkunstnar), Erna Osland (anar ikkje), Tell Teigen (akrobat), Ole Christian Norevik (programleiar), Erlend Nybø (gitarist).

Eg byrjar å venje meg til livet til sjøs etter kvart. Faktisk er det ikkje så verst å stå opp, hive på seg nokre filler som sikkert burde ha vore vaska for fleire dagar sidan, og gå opp på dekk. Den beste måten å vakne på, er å stikke hovudet utforbi rekka og la håret flagre i vinden. Frisk luft og saltvann. Herleg!

Båten legg til kai i Leirvikja.

Båten legg til kai i Leirvikja.

 

Magnar Rysjedal, lokal Venstre- mann.

Magnar Rysjedal, lokal Venstre- mann.

 

 

Søndag var det Leirvik i Hyllestad som stod for tur. (Evt. Hylestad, som kapteinen kallar det). Den lokale venstremannen Magnar Rysjedal møtte oss på kaien, og vi sette etter kvart opp standen. Det var rett og slett ikkje så mykje folk i Leirvik denne dagen, men vi gjorde det beste utav det. Vi fekk i alle fall delt ut eit par drops.

 

 

Hjortegryte. Nam.

Hjortegryte. Nam.

 

Etter kvart vart det tid for middag, og Vigdis lagde hjortegryte og mandelpotetstappe av restane frå laurdag. Veldig godt. Det er imponerande kor flinke folk er å koke til oss.

 

 

 

 

I og med at det var litt smått med folk i Leirvikja denne søndags ettermiddagen, fekk Kåre Jarl ein idé. Han føreslo at vi kunne gå å stille oss på Ferjekaien, Lavik – Oppedal. Som gjort så sagt. Eg seier berre ein ting: Dette var ein av dei betre ideane Kåre Jarl har kome med så langt. Dritmasse folk! Og i tillegg. Dei kjeda seg, sidan dei venta på ferga. Dropsa gjekk unna som hakka møkk, og det same gjorde Venstre- brosjyrene. Riktignok var dette stort sett folk frå Hordaland som skulle heim, men eg trur jammen vi hanka inn nokre stemmer til Store-Lars og Lille-Lars denne dagen. Kanskje kan Hordaland stille seg på Oppedal neste helg og gjengjelde tenesta…

Tilslutt måtte vi faktisk gi oss fordi vi ikkje hadde att fleire brosjyrer.

På fergekaien hang det i tillegg ein overdimensjonert plakat av Liv Signe Navarsete. Eg klarte heldigvis og beherske meg, til tross for at ein barnsleg lyst til å teikne noko på han var svært påtrengande. Nei, kan jo ikkje driva med slike barnslege ting.

Alle var samde om at det hadde vore ein fin dag.

Fakta om Hyllestad:

  • Innbyggjarnamn: Hyllestadsokning (litt tungvindt, kanskje?)
  • Tal innbyggjarar:  1478
  • Ordførar: Tore Bråstad (Sp)
  • Venstreresultat 2005: 3, 3 %
  • Kjendisar: Dårleg med det her og…Nokon som kan slenge inn nokon tips?
Ein nydeleg dag å kome seglande inn til Hardbakke

Ein nydeleg dag å kome seglande inn til Hardbakke

Turen er i dag komen til Ytre Sogn. Etter tips frå ein lokal helt, valde vi å legge om ruta litt, for å få med oss næringsdagen på Hardbakke. Dette skulle vise seg å vera eit svært godt val. Sola skein og det var masse folk ute å koste seg i sola. Dei andre partia var og tilstades, dvs. Frp var der med sin nylakkerte bil, SP steikte vaflar, Krf – Trude stod og smilte, Høgre delte ut bollar, medan Ap sin stand var sjølvbetent og heilt utan folk. SV var ikkje å sjå, men no var det vel heller ingen som sakna dei heller.

Ups. Den sjølvbetente AP- "standen" veltar. Ap bordet hadde til og med SP parasoll. Snakk om raudgrøn samrøre.

Ups. Den sjølvbetente AP- "standen" veltar. Ap bordet hadde til og med SP parasoll. Snakk om raudgrøn samrøre.

 

Local right hero, og Janne med munnen full av bollar, som Høgre delte ut...

Local right hero, og Janne med munnen full av bollar, som Høgre delte ut...

 

Det er alltid kjekt å møte gamle kjente. Eg (Janne) var tidlegare Ole Gunnar sin sjef i UPU (Ungdomspolitisk Utval). Sjølv om han diverre er i feil parti, er Ole Gunnar ein kjernekar. Det er viktig å ikkje berre ha politiske fiendar. Nokre gode vener kjem også godt med!

 

 

 

 

Det vart ein god dag i Solund. Trur nok vi klarte å overbevise ein del folk.

Det vart ein god dag i Solund. Trur nok vi klarte å overbevise ein del folk.

 

Det var veldig mykje folk på Hardbakke, og vi klarte no å kaste oss over ein god del av dei. Vi skapte stor åtgaum til trass for at vi ikkje delte ut vafler med Venstre- logo. Vi vel å fokusere på politikken. Og drops, sjølvsagt.

 

 

 

 

 

Politikk for dei vaksne og kjekke aktivitetar for ungane. (Biletet er tatt til Sarah, mi kjære, vetle jente som er veldig glad i Elias ;)

Politikk for dei vaksne og kjekke aktivitetar for ungane. (Biletet er tatt til Sarah, mi kjære, vetle jente som er veldig glad i Elias ;)

 

 

 

Etter ein lang dag på stand, var det tid for å få seg litt mat. Vi hadde med oss medbragt kokk denne turen, Malvin som vi nemnte i går. Han diska igjen opp med fantastiske rettar.

 

Det er utruleg kjekt å ha med seg nokon som lagar mat. (Ikkje det at eg klagar på deg, Kåre Jarl). Eg er framleis litt skreptisk til gass- komfyren etter at halve panneluggen min forsvann sist gang eg var borti han, så det har blitt lite kokkelering. I tillegg er det travle dagar, og liten tid til matlaging.

I dag var det hjortekjøt, soppstuing, mandelpoteter, grønsaker og, hald deg fast: Kvalbiff. Eg var mildt sagt skeptisk, men det er faktisk noko av det beste eg har smakt. Heldigvis var det ingen kvalfangst- aksjonistar ombord.

Maten var igjen upåklageleg.

Maten var igjen upåklageleg.

Etter alt for mykje mat, var det tid for dans. Masse folk og høg stemning. Eg prøvde forgjeves å overbevise ein fiskar om at han burde stemme Venstre, for etter ein halvtime innrømte han at han allereie hadde stemt. Og det var ikkje på Venstre. Ein flott dag i Sula. Det vart seint, men vi hadde det no jammen kjekt og!

 

Vi fann oss ein kompis, som var nesten heilt lik. Han selde kvalkjøt. Vi driv berre med valflesk...

Vi fann oss ein kompis, som var nesten heilt lik. Han selde kvalkjøt. Vi driv berre med valflesk...

 

Kokken Malvin, som og spanderte dans på Janne og Vigdis. Takker!

Kokken Malvin, som og spanderte dans på Janne og Vigdis. Takker!

 

Fakta om Solund kommune:

  • Innbyggjarnamn: Suling
  • Tal innbyggjarar: 878
  • Ordførar: Gunn Åmdal Mongstad (Sp)
  • Venstreresultat 2005: 4, 5%
  • Kjendisar: Øh…Trur ikkje eg fann nokon.

 

  • Dagens bloggar: Sveinung
  • Dagens vêrtilhøve: MYKJE vind, men elles pent og varmt.
  • Spy-o-meter: Janne 2, Sveinung 0
IMG_1073

Landskapet ute i havgapet kan til tider ta pusten frå deg.

Ein kjem ikkje stort lenger vest enn Værlandet. Om ein då ikkje prøvar seg på Bulandet, med sine 300 øyer. Vi snakkar om Noregs vestlegaste fiskevær, det mektige øyriket i Askvoll kommune. Men ein kjem seg ikkje til dette mektige riket utan å først utfordre dei voldsame naturkreftene i havet kring øyane, og då vi vakna i lugaren om morgonen var både himmel og jord i rørsle. Båten vugga, hoppa og slingra, og Janne måtte snart ut og mate krabbane. Sveinung heldt gårsdagens kveldsmåltid innanbords, men var noko redusert då båten endeleg la til kai i Bulandet.

IMG_1003

Filetering av lange på samleband.

IMG_1012

Ein arbeidar slepp eit nytt lag med salt over kassene med lange.

Her vart dei to valkampsekretærane sporenstreks lasta opp i ein bil for å fare på synfaring på ein fiskeforedlingsfabrikk. Etter nokre sekund med fomling i baksetet spurte sjåføren høfleg: «Brukar de sikkerheitssele òg de?». Selen var ikkje å finne, men sidan det heller ikkje var andre bilar å sjå, slo vi oss til ro med situasjonen. Lukta av fisk som gjennomsyra fabrikklokalet hjalp ikkje akkurat på hudfargen til Janne, men synfaringa vart gjennomført med friskt mot. Anlegget var imponerande, og den enorme verdiskapinga som finn stad langs kysten vert berre meir og meir tydeleg for oss.

IMG_1040

Steinbrot-Laila var verkeleg ei dame bed bein i nasen!

Etter den første synfaringa var det i rask rekkjefølgje klart for synfaringar på ein lokal verkstad/pub, ein fiskeredskapprodusent, eit pensjonat og eit steinbrot. Det siste var i grunnen det mest spektakulære. Midt i det golde landskapet på Værlandet låg der eit steinbrot, og oppe i fjellura stod ei nett dame med bein i nasen og braut stein – heilt åleine. Laila heitte ho, og steinen ho produserer vert eksportert til Italia, USA og andre delar av verda med stor suksess. Den vert hovudsakleg nytta til å lage rådyre kjøkeninnreiingar, benkar og andre møblar. Heile bedrifta var utruleg stilig, og vi kunne ikkje anna enn å verte imponerte over denne dama som skapar så store verdiar på ein så utradisjonell måte.

IMG_1059 modified

M/S Valfisk låg flott langs kaia på Bulandet.

IMG_1078

Denne muntre helsinga møter deg når du køyrer av ferjekaia på Værlandet.

Landskapet her ute i havgapet er vanskeleg å skildre med ord. Det veks knapt tre her ute, og det er øyar, kanalar og rorbuer så langt auget kan sjå. Det bur ca. 500 personar på øyane, og naturen her ute i havgapet er – av mangel på betre ord – rett og slett mektig. Her får ein også eit heilt klart bilete av kor utruleg rigid dagens strandsone-regime kan slå ut. Vel kan det vere eit poeng å verne ei 100-meterssone langs den tettbygde Oslofjorden, men som dei seier det her ute: «Har vi gått 100 meter, er vi allereie i sjøen på andre sida av øya».  Strandsonevernet har mellom anna ført til at fleire unge par som har søkt om byggjeløyve for å slå seg ned her ute har fått avslag. Det vil vere ei underdriving å seie at Venstres ynskje om ein differensiert strandsonepolitikk slo godt ann hjå bu- og værlendingane vi traff på.

IMG_1089

Den omnsbakte krepsen til Malvin var rett og slett nydeleg.

På ettermiddagen var det duka for stand-ståing utanfor butikken ved kaia på Bulandet, og etter nokre vellukka timar i vinden var det duka for dagens store høgdepunkt: Sosialt samvære med havets festbord på hytta til Ove frå Askvoll Venstre. Maten stod vår lokale bulending Malvin for, og det var eit feststemt og samstemt lag som kunne slå fast at den nydelege fiskesuppa, den delikate torsken og den utsøkte krepsen var noko av det beste vi hadde smakt. Ein stor takk til Ove og Malvin for ein glitrande dag på fedrelandets siste utpost – og for ein flott kveld i ytste havgapet.

Fakta, Askvoll kommune:

  • Innbyggjarnamn: Askvolling
  • Tal innbyggjarar: 3009 (460 på Bulandet/Værlandet)
  • Ordførar: Aud Kari Steinsland (Ap)
  • Venstreresultat 2005: 8, 6 % (28,4% i kommunevalet – og største parti!)
  • Kjendisar: Skulle vise seg vanskeleg å spore opp. Linda Ness Rotihaug meinte ho var ein, og Anders Askevold. Svein Bakke (faren til Eirik, Sogndal) og Ingolfr Arnason. Andre innspel vert mottekne med takk.
IMG_1034

Båtansvarleg og skippar på "shopping" på fiskeredskap-sjappa.

IMG_1070

På Bulandet finn ein òg Sogn og Fjordane sin einaste nudistleir. Den vesle kroken på skiltet er til å henge frå seg klede på.

Eldre innlegg »

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.